Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1578

I helikopter over flaumen

Flaumbileta vi har sett frå bakken er sterke, men det er først når ein kjem opp i lufta ein ser kor massive øydeleggingane faktisk er. Simon Solheim er journalist i NRK Dagsrevyen og videojournalist i NRK Nyheter BETA. Førre veke sendte han direkte frå helikopter.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
Flom 1

Fugleperspektivet

Den siste veka har flaumen satt sitt preg på store delar av Austlandet, og tusenvis av menneske er råka. Det er gjort store øydeleggingar; hus er knust og vegar og jernbane har rast ut i vatnet. Både onsdag, torsdag og fredag var eg i helikopter over flaumområdene. Fredag bestemte vi oss for å prøve noko vi ikke hadde gjort før; å sende direkte frå helikopter i timesvis via mobilnett.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
Utsikt fra helikopter over flomrammet område

Dei to første dagane sendte vi på NRK.no ved hjelp av eit Panasonic AG HPX170 (kamera) og LiveU (sendeutstyr). Det var veldig improvisert, men vi fekk konstatert at teknikken fungerte. Vi var stort sett gjennom med bilete heile tida, men vi opplevde å ramle ut fleire gonger. Sendeutstyret er sårbart når ein er høgt oppe i lufta, når ein forflyttar seg fort og når naturkreftene har øydelagt telenettet fleire stader oppover i Gudbrandsdalen.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
zpfNYkJjUGmPdugPRuRU-gR-a4jOHnHwwZSCXFkiNZig

Direkte via mobilnettet

Sendeutstyret er altså av typen LiveU. TV-stasjonar verda over har tatt i bruk LiveU for å få sendt direkte raskt og enkelt via 3G og 4G. Ein er såleis avhengig av mobildekning for å komme på lufta. NRK har fleire LiveU-einingar, og det varierer frå fire til åtte SIM-kort frå både Telenor og Netcom i dei som NRK har. Sendaren legg saman dekninga den får på alle SIM-korta og lagar det beste signalet den klarar.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
fotografi av helikopteret som ble brukt

Gyrostabilisert kamera

Image may be NSFW.
Clik here to view.
En mann pusser av frontglasset på et kamera montert på en arm på siden av et helikopter

Jan Benkholt pussar Cineflex-optikken

Seint torsdag kveld bestemte vi oss for å prøve oss på direktesending frå helikopteret i NRK1. Vi kobla på NRK Produksjon og fekk låne gyrokamera og fotograf/operatør Jan Benkholt. Gyrokameraet var av typen Cineflex, NRKbeta fortalde om både det og Jan Benkholt i Hurtigruten: Noen glimt bak kameraene.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
Et kontrollpanel med hjul, spaker, knotter liggende i et helikoptersete

Cineflex-kontrolleining

Tre timar direkte

Vi skulle i utgangspunktet sende direkte frå klokka 10 til 12, men sjefane bestemte litt før klokka 12 at dei ville ha oss på lufta ein time til.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
Monitorskjerm for Cineflex'en

Monitorskjerm for Cineflex’en

Tokameraproduksjon frå oven

Vi sendte med to kamera som var kobla til kvar sin LiveU. Denne gongen hadde vi også med oss to ICE-modem, slik at vi skulle vere mindre sårbare. Gyrokameraet var montert på utsida av helikopter og blei styrt av Jan frå baksetet. Eg sat framme og hadde ein monitor på gulvet framfor meg, slik at eg heile tida kunne sjå kor Jan filma. Min jobb var å kommentere under den tre timar lange direktesendinga.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
Foto av fire menn i et helikopter

NRK på vingene over Gudbrandsdalen. Fra v: Pilot Morten Paulsen, fotograf Jørn Tveter, spesialfotograf Jan Benkholt, artikkelforfattar Simon Solheim

Det andre kameraet, av typen Panasonic AG HPX170, blei operert av Jørn Tveter frå baksetet. Han hadde ansvar for sendeutstyret og var også med å kommentere undervegs. Vi la ein mygg i ein av hodetelefonane i helikopteret slik at vi kunne ta lyden frå intercomsystemet om bord. All lyd gjekk gjennom Panasonic-kameraet.

Mykje læring

Dette har vore ein svært nyttig lærdom for nyheitsavdelinga i NRK, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar på fredagens sending. Det er sårbart å sende direkte frå lufta, og sjansen for å gå i svart er stor. Dette visste vi, og det var vår store frykt. Men det gjekk overraskande bra, og vi var stort sett på lufta heile tida. Vi hadde litt problem med at lyden datt ut, men bileta frå gyrokameraet var gjennom i 95 prosent av tida.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
qnMmi5tzuG7TXrIBq5m5QQ2SzGm0JnaKwB2PeGl6J8YQ

No veit vi kva utstyr som fungerer og ikkje, og vi veit at vi kan gjere det endå betre neste gong. Vi har aldri hatt direktesending i så mange timar frå helikopter med så enkelt utstyr tidlegare.

Vi har vore vitne til store øydeleggjingar. Det har gjort stort inntrykk å sjå naturkreftene sine herjingar frå lufta, men det har likevel vore gjevande å få jobbe med dette. Vi har vore der folk forventar at vi skal vere. Under slike naturkatastrofer må ein opp i lufta for å forstå omfanget av det som har skjedd. Denne prøvesteinen har vore nyttig for oss, og gjer at vi kan vere i lufta endå raskare neste gong det skjer noko tilsvarande.

Image may be NSFW.
Clik here to view.
Flom 2

Du kan sjå sendinga her

Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1578