Quantcast
Channel: NRKbeta
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1579

Slik funkar NRKs valgomat

$
0
0

NRK har fått mange spørsmål om korleis vi lagar valgomaten vår. Dette er eit forsøk på ei halvteknisk forklaring om algoritmar og korleis vektinga vår fungerer.

Ta heile valgomaten, eller berre partiduellen.

NRK laga den fyrste valgomaten til valet i 2003, og har laga ulike typar valgomatar til kvart einaste val sidan. Til kommunevalet i 2011 laga vi 429 ulike valgomatar: ein for kvar kommune i landet (ja – det var mykje jobb!).

Valgomaten er eit verkty som skal hjelpe nordmenn å orientere seg i det politiske landskapet. Ein valgomat kan sjølvsagt ikkje tenkje for deg, men vi håpar at valgomatane kan vere eit godt utgangspunkt for refleksjon.

Valgomatane blir mykje brukt: Ved førre val vart NRKs valgomatar teke éin million gongar. Vi reknar med å hamne på om lag same nivå i år.

NRKs valgomat er delt i to delar i år:

  1. Klassisk valgomat med påstandar der brukaren svarar med ein skala frå svært ueinig til svært einig. Fem av spørsmåla er tilpassa fylket brukaren bur i.
  2. Partiduell der brukaren går vidare med to parti. Partia har svart på heilt konkrete spørsmål. Dei fleste spørsmåla er spesialtilpassa kvar einaste partikombinasjon.

Vi er kanskje særleg stolte over partiduellen. Her prøver vi å vise fram den faktisk reelle skilnaden mellom to og to parti, slik at det skal bli lettare for brukarane å oppdage skilnadar som dei kanskje ikkje viste om. Duellen blir avslutta med videoar der partileiarane òg forklarar skilnadane på partia.

Vedteken partipolitikk

Valgomaten er basert på dei vedtekne partiprogramma til kvart parti, ikkje medieoppslag eller utsegner frå einskildpolitikarane.

Alle partia har gått gjennom påstandane og spørsmåla i valgomaten.

Breidde i tema, men…

Påstandane som er med i ein valgomat påverkar sjølvsagt sluttresultatet brukarane får opp. Difor er det viktig å ha så god breidde i påstandane som mogleg.

Men: I norsk politikk er det slik at (nesten) alle partia er samde om dei store trekka i politikken – trass i at det ikkje alltid kan verke slik. Det er lite poeng i å ta med spørsmål som alle partia er (nesten) samde om, eller der dei berre er ueinige om mindre detaljar. Slike detaljar blir ofte for intrikate til at det er mogleg å formidle dei på ein forståeleg måte til brukarane. Alle partia er f.eks. einige om at eldreomsorgen og skulen må bli betre, men dei har ulike oppskrifter på korleis dette skal skje.

Påstandane må òg skilje partia på ulike måtar. Mykje av usemja i norsk politikk fylgjer den klassiske høgre-venstre-aksa. Dersom alle påstandane var slik, ville det vore umogleg å gje brukaren råd om kva parti han bør røyste på innanfor kvar blokk.

Og til slutt må vi ta omsyn til at folk oftare seier seg einig enn ueinig i ein påstand. Det ser ut til at ein del av brukarane er tilbøyelege til «alltid» å seie ja. Då har det stor innverknad på sluttresultatet om vi skriv «Tigging må forbys» eller «Det må vere lov å tigge». Vi forsøker å ha annakvar formulering med slagside mot høgre og venstre, slik at resultatet til slutt skal bli så balansert som mogleg. Nokre av påstandane er relativt vanskelege å «snu», men med mykje språkvask og tenkjing har dei fleste fått ok form.

Det er fleire som er einige i ein påstand enn ueinige
Svært ueinig
20 %
2 576 143
Delvis uenig
20 %
2 597 571
Inga meining
10 %
1 359 803
Delvis einig
28 %
3 674 272
Svært einig
22 %
2 885 572

Vi har fått hjelp av bl.a. valforskar Bernt Aardal til å sjå på tema og breidde. Det er politisk journalist i NRK Nyheiter, Lars Nehru Sand, som har utforma dei fleste spørsmåla og hatt kontakten med partia. Dei lokale spørsmåla for kvart fylke er laga av NRKs distriktskontor.

Algoritmar og vekting

Det er fire element i algoritmane i den fyrste delen av valgomaten:

  1. Avstanden melllom brukaren og partia i kvar einskild påstand.
  2. Brukaren kan velje inntil fem påstandar som er særleg viktige. Desse får dobbel vekt.
  3. «Kven vil du ha som statsminister»: Jens/Erna/Ein annan/Veit ikkje. Jens/Erna gjev eitt prosentpoeng til kvar blokk.
  4. Brukaren sitt førehandsvalde parti får eitt prosentpoeng ekstra boost dersom dette og eit anna parti ligg likt til slutt.

Brukaren svarer på utsegner av typen «Tigging bør forbys». Skalaen er Svært ueinig (-2), Delvis ueinig (-1), Inga meining (0), Delvis enig (1), Svært einig (2). Partia har svart på dei same spørsmåla, med tilsvarande verdiar.

Når brukaren tek stilling til kvar påstand, blir det rekna ut avstand mellom brukaren og alle partia. Dersom brukaren svarar Inga meining (0) blir ikkje påstanden teke med i utrekninga. Det blir heller ikkje rekna avstand for parti som svarar Inga meining.

Eksempel: Påstanden «Tigging bør forbys», og brukaren svarar «Svært einig» (2):

PartiPartistandpunktAvstand
Ap1Delvis einig1
SV-2Svært ueinig4
Sp2Svært einig0
KrF-2Svært ueinig4
V-2Svært ueinig4
H2Svært einig0
FrP2Svært einig0
R-2Svært ueinig4
MDG-2Svært ueinig4

Svara blir lagra undervegs, og avstanden til kvart parti blir rekna ut fortløpande. Vi lagrar ingen informasjon som kan identifisere brukaren (IP-adresse e.l.).

Mot slutten av fyrste del av valgomaten kan brukaren velje inntil fem påstandar som er særleg viktige for han. Desse påstandane får då dobbel vekt i utrekninga.

Flest Høgre- og Ap-folk som har teke valgomaten
H25 %
Ap22 %
Usikker13 %
Frp10 %
V8 %
SV6 %
MDG5 %
KrF4 %
Sp4 %
R3 %
Pirat1 %
Parti som er med i topp 3 etter fyrste del av valgomaten
Frp47 %
H46 %
Ap39 %
V36 %
KrF35 %
Sp34 %
MDG22 %
R21 %
SV18 %

Før valgomaten startar spør vi brukaren om kva parti han trur han kjem til å røyste på. Fordelinga ser du i tabellen over til høgre.

Brukaren kan velje mellom alle partia som stiller liste i kvart fylke (det er til saman 21 parti som stiller lister i år). Partia Dei Kristne, Demokratane i Noreg, Det Liberale Folkepartiet, Folkelista mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, Folkemakta, Kristent Samlingsparti, Kystpartiet, Noregs Kommunistiske Parti, Pensjonistpartiet, Piratpartiet, Samfunnspartiet, Sjukehus til Alta har alle blitt valde av mindre enn 4 promille av brukarane.

Det er altså flest brukarar frå borgarleg side som har teke NRKs valgomat hittil i år. Det påverkar sjølvsagt resultatet som du ser i tabellen til venstre.

Frp kjem langt betre ut i valgomaten enn det ein skulle tru ut i frå kva brukarane har sagt at dei trur dei kjem til å røyste på.

Partiduellen

Vanlege partikombinasjonar i duellen
Parti 1Parti 2Andel
HFrp23%
ApH10%
ApSp6%
VH6%
RSV5%
SVAp4%
KrFV4%
KrFH3%
SpMDG3%
ApV3%
SpKrF3%
RMDG3%

Midtvegs i valgomaten får brukaren sjå ei liste med prosentscore per parti, og kan gå vidare til partiduellen med to av desse partia.

60-70 prosent av brukarane går vidare til partiduellen etter å ha avslutta den fyrste delen av valgomaten. Brukaren kan sjølv velje kva parti han vil gå vidare med.

Partiduellen er svært enkel: Her har partia svart på spørsmål i tekst. Brukaren klikkar på svaret han har størst tiltru til. Partinamnet er synleg heile vegen.

Det er laga totalt 36 ulike duellar, med sju spesiallaga og fem faste spørsmål for kvar partikombinasjon. Duellen opnar for å stille spørsmål om meir enn berre saker som skiljer mellom partia. Når alle partia er samde om å satse på læraren og vegutbygging, kan vi be deg velje korleis dette bør skje. Spørsmåla i f.eks. duellen Høgre / Frp er valde ut for å vise skilnaden mellom desse to partia så godt som mogleg.

Mer om duellene: Totalt 36 ulike dueller er matet inn i valgomaten, med syv spesialutviklede og fem faste spørsmål. Duellene åpner opp for å stille spørsmål om mer enn bare saker som skiller mellom partiene. Når alle partier er enige om å satse på læreren eller veibygging, kan vi be deg velge hvordan dette bør skje.

Utfordringar og problem med valgomatar

Nesten alle valgomatar slit med same problem: Småpartia og ytterfløypartia kjem for godt ut samanlikna med valresultata. Det blir heller ikkje teke omsyn til folks tillit til kvart parti, historikk og valløfter.

I år har NRK forsøkt å ta høgde for dette ved å lage ein partiduell med synlege partinamn som siste del av valgomaten. Dette er nok ikkje ei heilt fullgod løysing, og vi kunne sikkert løyst dette på ein betre måte. Kom gjerne med innspel til korleis vi kunne løyst det betre, så kan vi lage ein endå betre valgomat til kommunevalet om to år.

Kva slags råd får brukarane?

NRK har vald å ikkje offentleggjere resultata av valgomaten fortløpande. Andre medier, f.eks. Aftenposten, offentleggjer kva parti som ligg på topp i deira valgomat.

Vi i NRK var usikre på om vi skulle ha kontinuerleg offentleggjering av resultata i valgomaten vår i år eller ikkje, men landa på å ikkje gjere det. Vi har dekt resultata fortløpande i redaksjonelle artiklar gjennom heile sumaren og no i sluttspurten av valkampen.

Årsaka er at mange tolkar desse resultata som om dei var meiningsmålingar. I sumar har vi bl.a. sett oppslag av typen «40 prosent av unge kvinner vurderer å røyste på Dei Grøne», basert på Aftenpostens valgomat.

Resultata frå ein valgomat er ikkje ei meiningsmåling, og NRK ynskjer ikkje å vere ein politisk aktør. Difor offentleggjer vi ikkje resultata fortløpande, men skriv bl.a. denne saka om korleis algoritmane våre virkar i tillegg til at vi offentleggjer resultata i artiklar.

Kvifor er ikkje dei aller minste partia med?

Det stiller 21 parti til val i år: Arbeidarpartiet, Dei Kristne, Demokratane i Noreg, Det Liberale Folkepartiet, Folkelista mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, Folkemakta, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Kristent Samlingsparti, Kystpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Noregs Kommunistiske Parti, Pensjonistpartiet, Piratpartiet, Raudt, Samfunnspartiet, Senterpartiet, Sjukehus til Alta, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.

NRK har vald å ta med partia som er på Stortinget i dag + Raudt og Dei Grøne. Dette er partia som i fylgje meiningsmålingane har ein reell sjanse til å kome inn på Stortinget i år. Dei andre partia blir dekt redaksjonelt, gjennom resultatlister o.s.v.

Slik svarar brukarane på påstandane

Her er eit utdrag av korleis brukarane har svart på dei nasjonale spørsmåla i valgomaten (vi droppa dei lokale i denne omgangen fordi tabellen hadde blitt 100 radar lengre…).

Svært uenigDelvis uenigIngen meningDelvis enigSvært enig
Elever i grunnskolen må få karakterer og flere prøver.33%23%7%24%13%
Kristne verdier og tradisjoner må spille en større rolle i samfunnet.35%20%12%21%13%
Havområdene utenfor Lofoten/Vesterålen/Senja bør utredes for fremtidig oljeleting.26%17%10%28%20%
Reglene for overtid, arbeid på helligdager og nattarbeid må mykes opp.18%22%9%33%18%
Det må bli lettere for private kommersielle selskaper å drive sykehjem på det offentliges regning.22%19%8%31%20%
EØS-avtalen styrer i dag for mye av norsk politikk og bør sies opp eller reforhandles.14%19%17%30%21%
Kontantstøtten til foreldre som er hjemme med ettåringer, må fjernes.29%23%10%18%20%
Asylbarn som har bodd store deler av livet i Norge må få opphold, selv om mor og/eller far er her ulovlig.18%19%5%32%25%
Alle gravide må få tilbud om tidlig ultralyd på det offentliges regning.11%15%10%29%34%
I den økonomiske situasjonen Norge er i nå, bør det bli lavere skatter og avgifter.23%27%6%26%19%
Kommuner bør ikke kunne hindre kommunesammenslåing.13%21%14%31%21%
Norge bør dreie u-hjelpen bort fra tradisjonell bistand og mer over på handel.3%10%9%45%32%
Politiet må få lagre brukerdata om nordmenns nettbruk til bruk i etterforskning (Datalagringsdirektivet).24%20%7%32%17%
Det er en viktig statlig oppgave å bruke mer penger på teater, opera og annen scenekunst regionalt og nasjonalt enn i dag18%28%15%27%13%
En omlegging av norsk matproduksjon i retning av store enheter og en sentralisering for å gjøre landbruket mindre avhengig av statlig støtte må forhindres.13%24%15%28%20%
Forbudet mot salg av vin i dagligvarebutikker må fortsette som i dag24%23%4%21%28%
Man må ikke la det offentlige og private samarbeide om finansieringen av nye veier fordi flere skattepenger da vil gå til renteutgifter.15%27%22%23%13%

Kva kunne vi gjort betre?

Vi har mange idear til ting vi kunne gjort betre, men har lyst på innspel slik at valgomaten i 2015 kan bli heilt fantastisk!

Kva tenkjer du? (eg er imponert over at du har orka å lese så langt som dette!)


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1579


<script src="https://jsc.adskeeper.com/r/s/rssing.com.1596347.js" async> </script>