Laurdag 25. oktober sender vi ein av dei fyrste synstolka filmane i Noreg. Dette er eigentleg eit tilbod til blinde, men TV-programma våre blir supre radioprogram.
Synstolking betyr at enkelte filmar eller TV-program får tilleggslyd: I dialogpausar kjem ei stemme som forklarar dei viktigaste visuelle elementa i biletet. Tenesta er i utgangspunktet meint for sterkt synshemma og blinde, men er fin for alle andre òg. Mange TV-program eignar seg eigentleg veldig godt utan bilete. NRK har sendt lyden av Dagsrevyen på radiokanalen NRK Alltid Nyheiter i mange år.
Filmen vi sender laurdag er skrekkfilmen Babycall av Pål Sletaune frå 2011. Du finn trailar og omtale av Birger Vestmo i Filmpolitiet.
Frå og med 2015 synstolkar NRK alle større eigenproduserte dramaserier, t.d. Mammon 2 og julekalenderen 2016. Vi kjem òg til å kjøpe inn norske filmar med synstolka versjonar.
Dei synstolka filmane blir sendt på NRK TV (nett og appar). Filmen med originallydspor blir sendt på vanleg TV, i dette tilfellet NRK1 laurdag kl 23:15. NRKs nye tilgjengelegheitssjef Siri Antonsen er ansvarleg for synstolkinga.
Har du lyst til å høyre korleis synstolking høyrast ut?
Lukk auga og start filmen under!
