Nå er det over 50 000 tilgjengelege program i NRK TV, gratis og fritt tilgjengeleg når du sjølv vil. Her er ei lita oppsummering av kva som finst i NRK TV akkurat no.
Dersom du vil sjå alt innhaldet i NRK TV må du setje av godt med tid: Akkurat no vil det ta deg 861 dagar å sjå gjennom alt!
Mest nyheiter, kultur og underhaldning
Akkurat no er det nesten 30 000 opptak av nyheitssendingar i NRK TV. Bokstaveleg talt gamalt nytt!
Om du ikkje er fryktleg interessert i å sjå f.eks. Midtnytt frå 8. november 2011, er du kanskje meir interessert i 6000 barneprogram, 5600 kultur- og underhaldningsprogram, 3600 fakta og dokumentarar, 3000 sportsprogram, 1500 livsstilsprogram, 1200 samiske tv-program og 550 filmar/seriar.
Årsaka til at vi har «minst» filmar og seriar er at dette ofte er innkjøpte program som vi berre har lov til å vise på nett i ein kort periode. Og ja: Vi arbeider heile tida for å gjere desse periodane så lange som mogleg.
Image may be NSFW.
Clik here to view.
Arkivet er i ferd med å bli publisert
I løpet av nokre år skal NRK publisere så og seie heile TV-arkivet vårt på nett. Visste du at du kan be oss om å digitalisere dine favorittar?
Vi har så vidt starta på denne gigantjobben, og har lagt ut 300 program frå 1960-talet, 450 frå 70-talet, 1500 frå 1980-talet og 4000 frå 90-talet. Saknar du Labbetuss? Pompel og Pilt? Eller har du lyst til å sjå Melodi Grand Prix fra 60-tallet?
Den store hovudtyngda av program i NRK TV er sendt fyrste gong mellom 2010 og 2015. I løpet av dei siste åra har så og seie all NRKs eigenproduksjon blitt gjort tilgjengelig i opptak.
Image may be NSFW.
Clik here to view.
Lyst til å analysere innhaldet i NRK TV?
Her er ein liten dump av alt innhaldet som er tilgjengeleg i NRK TV (ja, det er litt under 50 000 program i denne lista, men vi passerte den magiske grensa for ti dager siden). Lenker og slikt er ikkje med i eksporten – dette er eit datautdrag som er meint for analyse dersom nokon har lyst til å sjå oss i korta.
Clik here to view.

Clik here to view.

Clik here to view.

Clik here to view.

Clik here to view.
