Den nye radioappen vår er rett rundt hjørnet. Vil du hjelpe til med å betateste?
Vi er ikkje så stolte av den gamle radioappen, og det skal bli godt å få ut ein ny versjon!
I den nye appen har vi prioritert stabil streaming, betre programinformasjon og enkel tilpassing til lyttarmønsteret ditt.
Appen blir utvikla av Agens på oppdrag frå NRK.

Slik kan du bli betatestar
Vi har plass til 500 betatestarar på iOS og 500 på Android i fyrste omgang.
For å vere med på å betateste må du:
- Vere i Noreg dei neste vekene.
- Ha ein iPhone eller Android. På iPhone må du ha iOS 8 for å kunne vete med på betatesten. Den ferdige versjonen fuklar også på OS 7.
- Hjelpe oss med å finne feil! (Dei som blir med på betatesting får prøve ein uferdig versjon av den nye appen. Det er garantert feil og manglar i appen, så du må akseptere at ting ikkje alltid funkar).
Meld deg som betatestar (fyrstemann til mølla!).
Det kan hende at vi vil opne for fleire betatestarar etter kvart (førre gong vi hadde betatesting opna vi for 1000 nye annakvar dag), vi må sjå kva slags tilbakemeldingar og feil som blir oppdaga!
Lanseringsdato for den nye appen blir avgjort etter eit par veker med betatesting.