Vi har gøymd tre Easter eggs (ikkje vanlege påskeegg, altså) i NRK TV. Den fyrste som finn alle egga vinn eit jobbintervju!
For å vere heilt tydeleg: Det er ikkje vanlege, fysiske egg vi har gøymd. Wikipedia forklarer Easter eggs slik:
Påskeegg, på engelsk ofte kalt Easter eggs, viser til en gjemt og ofte uventet funksjonalitet i dataspill, nettsider, programvare og DVDer. Det er lagt inn av utviklerne som en form for humor, med beskjeder, interne spøker, referanser og overraskelser og er ofte vanskelig å finne. Påskeegg kan også finnes i andre medier, som film.
Den fyrste som finn alle egga får eit jobbintervju
Dersom du finn alle egga som ligg gøymd i koden vil vi gjerne ta ein prat med deg! Kanskje du har lyst til å jobbe med grensesnittutvikling i NRK?
Dersom du ikkje har lyst til å kome på eit jobbintervju hos oss får du eit fysisk, tradisjonelt påskeegg som premie i staden.
Det er altså ingen grunn til å ikkje starte eggjakta: Du vinn noko uansett!
Hint
Det er fleire påskeegg gøymd i koden vår. Alle er heilt tydelege Easter eggs: Det skjer noko med visninga av nettsida etter at du har gjort ei bestemt handling. Alle egga er unyttige.
Det er altså ikkje vanlege bugs det er snakk om; det er påskeegg som er planta der med vilje.
Egga er ikkje vanskelege å finne: Vi har ikkje gjort noko for å skjule dei (dette er altså ikkje ein konkurranse i å knekke krypteringskodar e.l.), men du må nok leite relativt grundig gjennom tv.nrk.no!
Slik sender du inn svar
Når du finn egga kan du sende ein epost til egg@nrk.no. Du må ha ei komplett liste over egga og korleis dei blir aktiviserte. Les hinta over grundig.
Vi kontaktar den fyrste som har alt rett. Du får ikkje svar dersom du har feil.
Ikkje skriv svaret i kommentarfeltet under!
Skriv om du har lyst på jobbintervju eller fysisk påskeegg i premie (om du ikkje er grensesnittutviklar får du påskeegg).
God jakt og god påske!